Jarand vaks opp i Haugamoen, ved sida av gamle Rondo langs Gjernesvegen, men fatta tidleg interesse for alt som hadde med hestar og gard å gjera. Han brukte mykje av tida si hjå «Nera-Kyten», den legendariske hestemannen som budde på Kyte der det no har blitt hestesenter og travbane.
Hjå Nera-Kyten lærte Jarand alt om hest. Og stamma med dølahestar frå «Nera-kyten», den har Jarand bringa vidare. Dei om lag 100 hestane han har ale opp og temt i desse åra, har gen frå Kyte.