Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameSyvert Magnus Moen
Birth19 Oct 1916, Ål, Hallingdal, Buskerud, Norge (Norway)
Death29 Jul 1980, Bergen, Vestland, Norge (Norway)
OccupationSjømann, maskinarbeider
MotherBirgit Olsdatter (1892-)
Spouses
Birth24 Sep 1918, Sandviken, Bergen, Vestland, Norge (Norway)
DeathAug 1990
FatherOlai Monsen Vågenes (1888-)
MarriageFeb 1946, Sandviken kirke, Bergen, Vestland, Norge (Norway)
ChildrenTore Syvert (1946-2015)
Notes for Syvert Magnus Moen
Som 19-åring hadde Syvert Magnus reist til sjøs. Førstereisguten tok hyre som dekks- og messegut i utanriksfart, og segla på fleire båtar dei neste fem åra. I 1937 rykte han opp til fyrbøtar.

15. februar 1940 mønstra Syvert Magnus på eit skip med kurs for Donges, Frankrike. Då uteseglaren tok farvel med mor, ante han ikkje at han segla rett inn i andre verdskrig.

15. september 1941 var Syvert Magnus Moen om bord på M/S «Vinja». Den norske tankbåten hadde kurs for dei vestindiske øyane, då eit tysk bombefly torpederte skipet i nattemørkeret.

Minst åtte omkom, mange vart hardt skadde. Syvert Magnus var i live, men ein granatsplint hadde punktert ei av lungene hans. Sjømannen prøvde likevel å segle vidare. Han tok hyre på tre skip det neste året, men var for sjuk og måtte mønstre av. Hausten 1942 gjekk han i land for godt.

Resten av krigsåra hadde han fleire lengre sjukehusopphald i Skottland. Først i august 1945 kom krigsseglaren heim med D/S «Stavangerfjord». Kort tid etter må Syvert Magnus ha møtt Esther.

Kilde:
https://www.bt.no/btmagasinet/i/6B9pz/ein-av-oss

Kilde, død:
https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000002347654
Last Modified 15 Dec 2024Created 6 Apr 2025 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.