Laurhammar bruk nr 2, (Gamal skyld: 1pd. smør, 5/16 hud.)
Ola bygsla bruket av Aron Laurhammar i 1777. I 1800 bygsla han bnr. 2, og i 1803 kjøpte han båe bruka av Ola O. Laurhammar og var brukar til 1820. (Sjå nr. 13.) Han selde då halve dette bruket til sonen Torbjørn, og andre helvta i 1825.
I skiftet etter Lisbet i 1790 er husa på bruket nemnde. Det var, “Røgstuen, Sengeboden, Stafburet, Ildhuset, Løen og Floren”, som alle var i lovfør stand. Ellers var i buet ein dansk bibel og ein huspostil av Hendrich Thomassen Gerner, ei våpenbile og ei lita sylvgås. Buet stod seg bra.
I 1824 då skiftet vart halde etter Barbru var buet noko meir velsåande. Det er då nemnt noko meir sylv, ei merr med sele, 5 kyr, 1 kvige, 1 kalv, 14 hummarteiner og 2 lyragarn. Husa var då; ei glasstove med kammers, sval og skut, eit stabbur, eit eldhus, to hestestallar, ein skjå og eit naust som Ola åtte helvta i. Husa var då i “Middelmaadig stand”. Om bruket vart sagt at åkeren var “temmelig god. Enga var “nogenlunde god, men Stenet.” Av bøker var, ein norsk bibel, hupostilen av Thomas Gerner, ei “Zions Sukke ved Babylons Floder.” Ei “Himmerig paa Jorden”. “Den bedende Kiede” og “Den Fuldkomne Psalmebog”.
So vart det skifte etter Ola i 1838. No var buet lite. Av nye bøker hadde han “Naadestolen”. Elles var det berre 2 par briller og nikre andre småting. Truleg hadde han skift frå seg før han døydde.
Kilde, Bømlo bygdebok 1:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2012041208088?page=351