“Åmund Basteson var komen på bruket i 1610. Ein veit ikkje kvar han kom frå. Kanskje var han son til Baste som i 1590 hadde bruk i Utkeilen. Kona heitte Asgjer (1645). Fødsels- og dødsår kjenner ein ikkje for nokon av dei, men ein vil tru at både Asgeig og Åmund var avlidne før 1655.
Åmund er rett nok førd i skattelister til kring 1660, men ein har visse for at på denne tida er personar førde i skattelister fleire år etter dei var avlidne, mellom andre nr. 3.3. i Kvalvågen.
Åsmund var lensmann i 1642-43 og lagrettemann i 1652-53.
Asgeir og Åmund bygsla ein firedel av garden, men i 1633 overlet dei ein lut til dotter og verson, nr. 1.1., slik at dei sjølve sat att med ein seksdel av garden.
Åmund er førd som odelseigar til ein lut av Borge på Osterøy. Eigedomen må han ha fått med kona, Anger, (Asgeir?) på Innlure, som er førd som eigar kring 1620. I 1645 åtte Åsmund også heile bruk 2 på Nore Åse. Nils Olson Fyllingsnes åtte tredelen av bruket på Åse “paa børnenes vegne” i nikre år, men i 1655 var arven gått til to døtre til Asgier og Åmund, gifte med Elling Lygre og Mikkjel Sjurson Litloksa. Den siste åtte alt frå 1663.”
Kilde, Indre Lygra bruk 2 i Lindås:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2016070508028?page=307&searchText=Åmund