Børge er som nemnd truleg son av Johannes, men han er aleri nemnd med farsnamn. 1657 er han brukar ved sida av Johannes, og frå 1660 hadde han heile garden. Kona var Maritte, kvar ho var frå veit ein ikkje.
I 1679-1681 er Børge førd som eigar av odelsgods i Kleiveland i Hosanger, ½ pd 1 ½ mele. Lensmann Børge Nepstad og enkja hans åtte denne parten før.
I rekneskapen for Seims kyrkje for 1683-1686 er førd til inntekt: “2 kiør er giffuen til kirchen for Chari Seimbs oc Børje Hielmtveds og hans quindes graffsted i kirchen”.
Av sakefallsrekneskapen for 1670 går det fram at Børge “for leiermaal udi hans egteskab med N.N. (namnet på gjenta er berre gjeve slik!) der for af sognet, bøt hans halfue boe, efter foregaaende registrering oe vurdering, penger…” (Eit hyrna av rekneskapen, der talet har stått, er rive av). - Ei sak som truleg har samanhang med denne bota, kom opp på tinget 25. juli 1685.
Det var Karen Jakobsdatter Myr (i Myking) som stemnde ervingane etter Børge for 9 rdl. som han for om lag 15 år sidan hadde lånt hjå henne. Som vitner vært førd Ivar Famestad og Halvar Kleiv (på vegner av kona til Ivar). Karen var komen i teneste hjå Ivar om lag 9 år før, og straks etter fortalde ho til Ivar og kona hans at ho 6 år tidlegare hadde lånt Børge - som ho då tente hjå - desse pengane. Børge hadde bede om at ho ikkje måtte seie nokom om dette lånet til kona og borna. Ervingane sa då og at dei hadde ikkje høyrt nokon ting om dette i alle dei åra faren levde etter at han hadde lånt desse pangane, og det baud dei seg til å gjere eid på.
Endelykta vart at dei for retten lova å betale Karen dei 9 rdl., og det gav dei kvarandre handa på. - Det kan snaudt vere tvil om at Børge har lånt desse pengane av tenestgjenta til å betale leigemålsbota med, og så ha han “gløymt” å betale det attende.
Det er eit spørsmål om ikkje Karen var dtr. av Jakob Åmundson Seim, søskenbarnet til Børge. Jakob var ein velståande mann - han åtte mykje odelsgods -, og han døydde kort tid før 1670, så dei 9 rdl. kan vere arv som Karen har fått etter han. Ivar Famestad var g. m. brordtr. av Jakob Seim og var ei tid lensmann i Lindås skr.
Kilde, Hjelmtveit i Lindås:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014071608028?page=525&searchText=Anna