Lasse & Anita - Person Sheet
NameEirik Nilsson Ø. Myksvoll 
Notes for Eirik Nilsson Ø. Myksvoll
N. 1623-1657.
Eirik var fleire gonger for retten. - 12. mars 1645 var han stemnd av di det hadde vorte sagt av fleire at “han schulle fledte en mær eller øg”. Eirik bad på tinget om at den måtte kome fram som ville leggje han noko sak til for dette. Elles meinte han at han måtte vere fri. Alle slo det frå seg og orsaka seg det beste dei kunne, det var “aleneste et bøgdesualder”. Eirik vart frikjent.
Ein minner om at heilt opp til dei seinaste tider har “merraflåar” vore noko av det aller verste ein kunne kalle ein mann!
I 1646 stod han for retten av di han hadde teke noko ved frå grannen Eilev, - bota vart 3 mrk. sølv. - I 1652 hadde han vore i dragsmål med Nils Olson, og Nils måtte bøte for “Bloed wide”, - han hadde slått Eirik til blods. - Men Eirik var ikkje mykje kleiare karen sjølv, han hadde slått dotter til Eilev til blods ein gong ho var til brunnen etter vatn, og måtte bøte for “Bloed wide” han og.
I 1655 vart han bøtelagt for “brøllop ofuer tiden”. Truleg har eit av borna gift seg då.
Kilde, Ø. Myksvoll i Lindås:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014071608028?page=353&searchText=Ivar