NameSøren Johannesson Lyngstad 
Birth1775, Lyngstad, Gaular, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
Death1850, Lyngstad, Gaular, Sogn og Fjordane, Norge (Norway)
OccupationBr. på Lyngstad 1802 til 1843
Søren fekk i 1802 bygselbrev av sokneprest Hans Wingaard på vegne av Indre Holmedals prestebol. I 1843 fekk han så kongeskøytet på bruket mot å betale 300 spesidalar.
“Den første kona til Søren, Johanna, var enke frå Mjell. Ho var sjukleg, og då ho kom frå kyrkja bryllaupsdagen i 1801, laut ho gå og legge seg utan å tømme velkomstskåla som første person i bryllaupet. Det einaste ho bad om då ho var komen i senga, var ei harva pipe tobakk, det var alt ho naut den dagen. Alt midvinters slokna Johanna. Men det å få kista til kyrkjegarden på denne årstida kunne vere litt av eit sjansespel.
Då gravferdsfolka skulle avgarde, var stormen og snøkavet så fælt at dei fann det rettast å gjere vendereis. Dei sette kista under ei buskfuru og kom heim til Lyngstad der dei fann ut at dei kunne ta jordferdskosten og gravølet medan dei venta på at stormen gav seg. Dagen etter hadde stormen roa seg, og gravferdsfolket gav seg i veg til kyrkja i Vikja og fekk sett kista i jorda.
Etter gravferda luska Søren omkring om netene og bar ting or buet ut i ei utløe i Myrabakkjen. Det var kjøt, kister, tiner og anna slags innbu forde Søren var redd kva som skulle skje i samband med skiftet. Året etter gifta han seg att med Anna Knudsdotter fra Tjønneland. Ho var meir på hans eigen alder, og saman fekk dei åtte born.”
Kilde, Lyngstad i Viksdalen, Gaular:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014111924006?page=229&searchText=Mikal