“Ragnhild var født i dette huset i 1941. Ho tilbrakte barndommen på Hatlestrand og jobba som kontordame i Bergen i vaksne år. Ho budde i Fyllingsdalen og var gift i ein kort periode, men fekk ikkje barn.
Då faren døydde i 1980, arva ho barndomsheimen. Ho brukte huset i helgar og feriar i periodar, men var knapt å sjå i bygda dei siste 10–15 åra. Helsa var skral, og ho flytta på sjukeheim. I januar i år døydde Ragnhild, 83 år gammal.”