1790 bygsla
Tørres Tørresson bruket som foreldra hadde hatt. Lensmann Johannes Faugstad var forvaltar over Haus prestebolsgods, og skreiv ut bygselbrevet, som var på 1/2 laup smør og 12 kanner malt.
Tørres Tørresson 1758-1828 var soldat, og vart utkommandert til å delta i krigen 1787. Han skreiv då eit dikt som han kalla "En avskjedstale til hjembygden". Diktet var på 26 vers, og vart trykt i Bergen 1788. I diktet finn ein både ei avskilshelsing til slekt, vener og heimbygd, og ei hylling til Gud og kongen som han no skulle kjempa for.
Tørres g. seg 1792 m. Magdeli Nilsdtr. Helle 1773-. Sjå
Helle bnr. 1. Ved skiftet etter far sin, Nils Monsson Helle bnr. 1, ervde Magdeli ein part i Dale bnr. 14. Parten vart selt 1818 for 30 spdl.
Born:
Helga f. og d. 1793,
Tørres f. og d. 1794,
Kari 1796-, g.m. Magne Knutsson Stokke, brukar her. Sjå nfr.
Anna 1799-, g.m Knut Knutsson Stokke, sjå
Stokke bnr. 1.
1828 vart det halde skifte etter Tørres Tørresson. Bruttosummen i buet var 123 spdl., nettoen var vel 91 spdl. Ervingar var enkja Magdeli Nilsdtr. og døtrene Anna Tørresdtr. g.m. Knut Stokke og Kari Tørresdtr. g.m. Magne Knutsson. Kari var død året før, så arven vart skift mellom borna hennar. Sjå skiftet 1827.
Enkja Magdeli Nilsdtr. g. seg 2.g. 1829 m. gardbrukar Olav Gitlesson Mele, b. på Herland. Sjå Haus s. 389.
Kilde, Ytre-Bruvik:
http://vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Ytre-Bruvik