Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameMons Olsson Gjermundstad
Birthca 1708, Gjermundstad, Viksdalen, Gaular, Vestland, Norge (Norway)
Death1779, Gjermundstad, Viksdalen, Gaular, Vestland, Norge (Norway)
OccupationBr. på Gjermundstad br. 3, 1735 til 1765
FatherOla Olsson Gjermundstad (ca1671-)
Spouses
Birthca 1696
Death1788
 Ola Monsson (ca1734-1815)
Notes for Mons Olsson Gjermundstad
I pinsehelga året etter at Mons og Marte overtok, vart bruket ramma av ein stor brann. To hus, eit eldhus og ei eldstove vart flammane sitt bytte.

I tillegg kom så alt innbuet, matvarer og kornet som var lagra. “ej det ringeste blev berget, av Ildens Grumhed ynkelig blev fortæret og lagt udi Asche”. For det nye brukarparet betydde dette eit stort økonomisk tap, og Mons måtte difor be om økonomisk hjelp for å klare å kome seg på beina att.

Dei Økonomiske krava frå det offentlege vart umogelege å innfri for dei. Difor møtte han opp på vårtinget i Osen året etter og bad om få sleppe skatten nokre år. For å få stadfeste det som hadde hendt, vart også to naboar innkalla nemleg Halvor Olsson Lyngstad og Anders Asbjønsson Mjell. Halvor stod først fram og fortalde at han hadde vorte tilkalla då brannen vart oppdaga. Men då han kom til Gjermundstad, stod eldhuseg og eldstova alt i lys Loge.

Dei gjorde eit forsøk på å berge innbuet, mellom anna ein stor koparkjel. Men det skulle vise seg at varmen var for sterk. Han fortalde også at viss ikkje det hadde kome hjelp, ville alle husa på garden vorte tekne av flammane. Også det andre vitnet, Anders Mjell, kunne stadfeste det som Halvor hadde sagt. Men Mons var ikkje sikker på at saka gjekk gjennom så den 14. september 1737 fekk han futen Nagel til å skrive eit bøneskrift, ein såkalla supplikk, til København der han på ny bad om skattefritak. Men då sat også dei høge herrar i finansdepartementet i København og skreiv svar på søknaden.

På same tid hadde det også funne stad ein brann i Skudalen, Om med Mons Olsson sin søknad fekk også brukaren i Skudal svar. Begge fekk skattefritak i to år. Dette gjaldt alle ordinære skattar, men med unntak av tiende og dei såkalla Munderingspengane. Men det låg eit atterhald i dette fritaket; på desse to åre var dei nemleg plita til å bygge opp att dei nedbrende husa.

Kilde, Gjermundstad, Gaular:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014111924006?page=217&searchText=lyder
Last Modified 12 Aug 2023Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.