Lasse & Anita - Person Sheet
NameHans Johannesson Stamnes
Birth1758
Death1834
OccupationPostbonde
Notes for Hans Johannesson Stamnes
f. Stamnes br. 1
b. Dalseid br. 2
http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Dalseid1788 skøyte til
Hans Johannesson på dette bruket og Dyvikteigen. Same år vart det tinglyst kår til dei gamle brukarfolka. Hans f. på Stamnes bnr. 1 1758 d. 1834 var g.m. dotter deira, Ingeborg Jonsdtr. f. 1764 d. 1815. Ved skiftet etter henne vart dette bruket verdsett til 1200 rdl. Bruttoen i buet var 2355 rdl. 12 sk., og det gjekk berre 50 dalar ifrå. Gjelda åt buet, som var på vel 107 rdl., ville enkjemannen sjølv betala. Krøtera var verdsette til 547 rdl. og der var sylv for 73 rdl. 5 mark. Ivar Isaksson Hjelle skulda i reide pengar til buet 28 rdl. 2 mark, og Lars Tomasson Berge skulda iflg. ein pantobligasjon tinglyst 1814, 183 rdl. 4 m. 8 sk. Hans var postbonde.