Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameElling Nilsson Borgen
Birth1872
Death1961
Spouses
Birth1881
Death1959
FatherJohannes Nilsson Opdal (1857-1939)
MotherBrita Nilsdatter Tveit (1845-1917)
Marriage1901
ChildrenNelly (1902-1942)
 Gurine (1904-1986)
 Nils (1906-)
 Borghild (1909-)
 Johannes (Died as Child) (1911-1914)
 Johanne Emilie (1917-)
Notes for Elling Nilsson Borgen
Borgen br. 3 (Nilsana), Tysnes 2
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2007080604014?page=137
Dei overtok ved Skøyte i 1904.

Elling var i mange år på vintersildfiske med morbroren Ola Dalen. Dei to karane hadde ei lita listerskøyte i hop, Lina (80 tonner). Dei gjekk og noko i fraktfart. Ein gong dei var i storm pa Bømlafjorden vart Ola Dalen slegen overbord. Elling tok ned segla og let fartøyet driva, sprang i lettbaten og fekk berga morbroren. Ola'n kunne ikkje symja, men han var i tresko. Dei sa han flaut på treskona. Saman med broren Brynjulf fekk Elling bronsemedalje med Lina i regattaen i samband med fiskeriutstillinga i Bergen 1898. Seinare åtte Elling ei kortare tid i skøyta «Frida», saman med folk i Drongsbygdo.

Lengste arbeidstida la likevel Elling ned i vegarbeid i kommunen, fra kring hundreårsskiftet. Han gjekk visst nok eit vegarbeidskurs pa Voss, og «synte seg som ein så framifrå vegbyggar at han snart vart formann, og gjennom åra har han stått for mange og vanskelege arbeidsoppgaver, som han skilde seg frå med heider», heitte det i eit minneord 1961. Han var helst på Tysnes, men hadde og formannsjobbar på vegarbeid på Bømlo og i Fana. Ei tid var han vegvaktar fra Våge til Dalen (1920-åra).

Som menneske var han «gild og godlynt, ein gledesspreiar som ikkje tapte humøret om det ofte kunne sjå mørkt ut».

Serina og Elling fødde hest, 4 kyr, ungdyr og 12 sauer. Han gjorde noko dyrkingsarbeid på myrane. Elles sette han opp nytt bustadhus på garden 1911. Det gamle huset sto på ein avsats lenger oppe, der dei andre husa framleis vart ståande. Dei hadde såleis ein heller tung florsgonge. Løa vart riven etter at gardsdrifta vart avvikla 1961.
Last Modified 13 Jun 2023Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.