b. Kaastad (Kåste) br. 1, Tysnes 1
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648545?page=137Han fekk skøyte 1885. Ekteparet sette opp nytt bustadhus på bruket 1887 og ny løebygning i 1904.
Kristian reiste som sjømann fra han var ung, truleg fyrst i Nordlandsfart, men sidan mykje utanriks, m.a. med engelske skip. Han slutta sjøen kring 1900. I 1904 inngjekk han kontrakt med handelsmennene M. Helland og Peder M. Helland pa Flatråker og K.B. Epland i Våge, om å føra båt for dei. I si tid hadde Kristian ei skøyta med motor og seglføring, og det må ha vore ved dette høvet. Motoren slo seg ofte vrang, og det var sikrast med segla.
I 1908 reiste han til Amerika, der han i fleire år var sjømann pa kysten og på innsjøane. I 1909 var han med å stifta Tysneslaget i Brooklyn, som han vart utnemnd æresmedlem i i 1928.
Han kom heim att etter nokre år og var sidan på vegarbeid attåt gardsdrifta.
Han var i heradsstyret i mange år, fyrste gong kring 1902.