Signe Seim (fødd 1. mai1929) er ein norsk forfattar og lærar frå Voss. Ho debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg min fot på Fonna forlag, og har sidan skrive fleire diktsamlingar, ein roman, skodespel og to barnebøker. Ho har også skrive emnehefte om Ivar Aasen og Per Sivle og omsett bøker til norsk. I Norsk salmebok 2013 er ho representert med ei omsetjing. For romanen Her budde ein gong eit barn fekk ho Sunnmørsprisen og Oslo Domkirkes bokpris i 1986. Seim budde i Leveld i Hallingdal frå 1954 til 1970 og arbeidde som lærar på Leveld skule. Leveld Kunstnartun gav i 2012 ut ei samling dikt frå Leveld-tida hennar. Boka er kalla Det måtte vera her. Ho kom med si siste bok, diktsamlinga «Rop hausten heim», i 2009.