Lasse & Anita - Person Sheet
NameMons Eriksen Tyssedal 
Birthca 1670
Deathca 1749
Notes for Mons Eriksen Tyssedal
Son til Erik Anbjørnson Tyssedal?
I følgje Fjaler Gards- og Ættesoge, bd. 1, side 323 heitte kona til Mons Abelone, og det er ikkje kjent kvar ho kom frå. Ein legg merke til at i følgje skiftet etter Mons (1749) hadde fire av fem døtre sjølv ei dotter som heitte Abelone, og for tre av døtrene er Abelone eldste dotter. Truleg har ein difor konkludert med at kona til Mons må ha heitt Abelone.
Ein artikkel i Firda 29/5 1962 nemner nokre gamle dokument hos Hjalmar Tyssedal. Det eldste skal vere eit skiftebrev (jordskifte?) mellom Ivar Jensson Tyssedal og Mons Tyssedal, underskrive av sorenskrivar Ouden Widerøe på Hafstad 23/1 1733. Tingboka frå dette tidsrommet er vekke, men det finst avskrift av eit tilsvarande jordskifte på Mork i 1732, tinglyst i panteboka for 1945.
Kilde og mer, GENI:
https://www.geni.com/people/Mons-Tyssedal/6000000010261628582?through=6000000001177099620