Trude Harriet Larsen Drevland (fødd 27. mai1947) er ein norsk politikar frå Høgre, og ordførar i Bergen kommune i perioden 2011-2015. Ho var i valperioden 2003-2007 byråd for helse og omsorg i Bergen i Mæland I-byrådet. Drevland er utdanna sjukepleiar, men har hatt ei rekkje politiske og private stillingar. Ho sat tidlegare mellom anna i fylkesutvalet i Hordaland og har jobba som næringspolitisk leiar i Bergen Næringsråd før ho gjekk inn i byrådet i Bergen som byråd frå 2003 til 2007. Tidlegare har ho òg jobba som generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund og vore leiar ved Fyllingsdalen sjukeheim. Drevland er elles syster til skodespelaren Lars Andreas Larssen.