Svein var ein drivande gardbrukar og fekk Hordaland landbruksselskap si sylvmedalje for framifrå jorddyrking. Då han skøytte bruket frå seg i 1925 tok han undan eit bruk som han kjøpte i 1916, s. br. 7, som han dreiv radt til han døydde i 1935. Katrina flutte då attende til Søfteland og vart buande på bruket sitt, s. Søfteland 30.