Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameAlida Bolette
Birth1903
Death1979
Spouses
Birth1892, Sandsøyo
Death1962
Children(Private)
Notes for Alida Bolette
“Sandsøybesto, Alida Bolette Sandsøy, mi mormor, i yngre år.
Mormor var fødd og oppvaksen på Smievold på Reksteren i 1903. Heile sitt vaksne liv budde ho på Sandsøyo og stellte hus og heim, dyro på garden, og dei to barna sine : mor mi og tante Anny.

Mormor var veldig flink med husarbeid og handarbeid. Ho spann ull, vevde og ikkje minst var ho ein kløppar i strikking og i å sy klede. Ho sydde både dame og herreklede og klesplagg for barn. Eg hadde både jakkar, bukser, ulike strikkaplagg som mormor lagde.

Mormor var ei av dei trygge og gode søylene for meg i oppveksten min. Hugsar henne godt, og har mange gode minne om henne frå barneåro mine på Sandsøyo.
Mormor døydde på seinsumaren i 1979 då eg var 11 år.”

- Nils Petter Sandsøy Flygansvær
Last Modified 12 Nov 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.