Lasse & Anita - Person Sheet
NameNils Olavson
OccupationLeiglending på Tren 1636-1664
Notes for Nils Olavson
“Bjørgynjar Kalfskinn melder at Evanger prestebol åtte 1½ laup på Tren. Etter jordboki 1585-1616 fekk Vangens prestebol 2 askar korn og 1 spann smør i landskyld. Mons Rekve åtte 1621 ½ laup og Ivar Berge ½ laup. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 9 merker smør og 1 geitskinn. Hallstein var leiglending då og 1635 på 1½ laup 9 mark. Nils Olavson, g. m. Gjertrud, var leiglending 1636-1664. Dei hadde 1645 tenestgjenta Kari. Skyldi er førd upp 1652-1659 med 1½ laup 9 mark. Derav åtte Tomas Røte 3½ spann, Nils Tren ½ laup og prestebolet 1 spann. Nils åtte 1652 2 pund i Lae og 1652-1659 6 mrk. på Svanga. Han var lagrettemann i 1661 og 1668. Skyldi var 2 laup i 1676 og 1691, 1 laup 2 pund 1695 og 1714, og vart sett upp att til 2 laup i 1723.
Vangens prestebol åtte 1661-1723 og lenger 1 spann. Tren er ført upp under Apostelgodset i 1776 og 1680. Anders Dukstad var eigar av 21 mrk. i 1691 og Jon Tren 5 spann 15 mark. I 1695 åtte Anders 1 spann, Anders Dagestad ½ laup og Jon 2 pund. Anders Dagestad åtte 1714 12 mark, Brynjulv Eimstad ½ laup, Knut Raustad 142/5 mark, Guri Olavsdr., 7½ mark, og brukaren 1 pund 82/5 mark. Olav Raustad åtte 1 laup 30 mark i 1723.”
Kilde, Tren:
https://www.ullstad.com/vossaboki/tren.php