Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameJakob Larsson Flatekvål
Deathca 1750
Spouses
Marriage1713
ChildrenInger Jakobsdatter (1714-1793)
 Siri Jacobsdatter (1715-<1750)
2Kari Jensdatter Myster , 8G Grandaunt
Birth1687
FatherJens Rasmusson Myster (1646-1708)
MotherKaren
Notes for Jakob Larsson Flatekvål
1713 vart Jakob Larsson Flatekvål g.m. enkja Inga Magnesdtr.

Om Jakob vert det fortalt at han hadde vore med i 2 krigar. I segna vert dei kalla 5 og 10 årskrigane. Det må ha vore under den store nordiske ufreden fyrst på 1700-talet. I den siste krigen der Jakob var med, vart han og ein annan nordmann tekne til fange av nokre svenske soldatar. Svenskane stengde dei inne i eit sæter eller i ei tømmerhytte saman med ei svensk vakt og drog så vidare. Det var meininga deira å henta fangane på heimturen til Sverike. Det lukkast for dei to nordmennene å slå vaktmennene i hel, men å opna døra greidde dei ikkje. Høgt oppe på den eine veggen var der ein glugg, og Jakob hjelpte kameraten sin opp til gluggen slik at han slapp igjennom og kom seg fri, men Jakob som var ein storbygd mann kunne ikkje koma seg ut igjennom gluggen. Det lukkast heller ikkje for kameraten å få opna døra, og Jakob måtte slå seg til ro saman med dei drepne svenskane. Til slutt kom der ei avdeling svenskar som skulle ta dei norske fangane med seg til Sverike. Jakob drog nokre av dei døde svenskane over seg og låg som han sjølv var død då svenskane kom inn. Dei såg på dei falne, og ein av dei sa: «Der ligg ein raud mellom dei blå». Sidan drog dei sin veg, og Jakob skunda seg derifrå. Då han kom heim etter krigen, kunne korkje kona eller borna kjenna han, før han sa kven han var.

1727 fekk Jakob skøyte hjå major von Krogh for 13 rdl. Jakob g.m. Inga.

Jakob g. 2. g. m. Kari Jensdtr. Myster bnr. 3 f. 1687.

Ved skiftet etter Jakob 1750 vart jordegodset, 12 m. verdsett til 9 rdl. 2 sk. Enkja Kari Jensdtr. fekk utlagt 6 m. og døtrene Inga og Brita 3 m. smør kvar.

b. Leiro
http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Leiro

Gift 2 ganger, 3 + 0? barn
Last Modified 27 Sep 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.