Lasse & Anita - Person Sheet
NameNiels Johannesen Espeland
, 5C6R
Birth1727, Espeland, Granvin, Hardanger, Hordaland, Norway
Death1810
Spouses
Birth1728
Death1805
Alias/AKARagnela, Ragnhild
Notes for Niels Johannesen Espeland
Niels dreiv halve farsbruket frå 1752 og frå 1772 det heile til han 30.03.1784 makeskifte gard med Eirik Bergeson Seim i Alversun.
Seimsbruket var på 2 pd. 6 mrk. smør 3/4 hud og verdsett til 150 rd. Espelandsbruket på 1 pd. 21 mrk. smør og ½ geitskinn, verdsett 248 rd. Eirik måtte leggja 98 rd. 3 mrk. i millomlag trass i at skyldi var størst på Seim. Saman med mange andre døme syner dette at skyldsetjingi var sers tung i dei indre bygder, både i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Med Nils Johannesson og kona kom den ætta til Seim som alle dagar sidan har gått under namnet Haringane.
Eirik Bergeson var kort tid på Espeland, bytte frå seg Espeland same året til Gjerde på Voss der han var fødd. Far til Nils flytte med sonen til Seim. I 1961 vart det på Seim reist eit 1000-års minne over Håkon den gode - Håkonarhaugen - på den garden som Nils Johannesson Espeland kom til.
Kilde, Espeland i Hardanger:
https://www.nb.no/items/1df7f49000e632bf0c1802964832e3df?page=69Kilde, Seim på Lindås:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014071608028?page=583