Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameGustav Adolf Kleppe , 7C1R
Birth1914, Nera Kleppe, Tysnes
FatherGerhard Kleppe (1875-1934)
Spouses
Birth1923
ChildrenGeir Atle (1947-)
 Kåre Magne (1948-)
 Irene (1951-)
 Arne Oddmund (1953-)
 Gustav Olav (1956-1974)
Notes for Gustav Adolf Kleppe
Gustav Kleppe f. 1914 vart g. 1946 m. Olga Økland H. br. 2. f. 1923.

Gustav fekk skoyte av mora 1936 og overtok då bruket, frå 1946 i lag med kona Olga. Gustav vølte mykje på løebygningen på farsjorda og like eins på stovehuset. Han reiste
til sjøss 1932 med «Viksnes», Kristian Jebsen rederi, i utanriksfart. Hadde vore ute 5 mânader da han fall ned og slo seg helselaus. Han var så heime i 2 år for han mønstra ut att 1934, og var då ute til 1940.

Etter krigen byrja han arbeida på båtbyggjing med Lothe'n på Holma, og var der i
5 ar.

Hausten 1951 var han med Nils Tornes på arbeid hos Gjertsen i Florvåg, der Gustav fekk
seg fast jobb som tømmermann til sumaren 1952. Frå 1953 og 8 år frametter var han tømmermann på Isak Isaksen's fryseri i Kjøkkelvik.

Frå 1961/62 var han til sjøss att, m.a. 3 år i engelsk kystfart ombord i «Davanger».

Slutta sjøen for godt 1967 og var sidan 8 ar med Andersland på bygningsarbeid attåt gardsdrifta. Ekteparet slutta med mjølkekyrne kring 1971, men hadde så noko ungdyr
fram til 1974 då dei flytta til Uggdalseidet (To br. 16./17.).

Born:
1. Geir Atle f. 1947 g. 1970 m. Randi Johnsen, Horten, b. Osterøy, han er bankfullmektig.
2. Kåre Magne f. 1948 g. 1972 m. Berit Garnes, Bergen, han reiser til sjøss som maskinist, busett Bergen.
3. Irene f. 1951 g. 1974 m. Øystein Høgetveit, Mosby ved Kristiansand, ho er sjukepleiar, han er lærar, b. Koparvik.
4. Arne Oddmund f. 1953, lærar, g. 1979 m. Torund Støle (far hennar frå Myrdal br. 3./4.)
5. Gustav Olav (1956-74)

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648545?page=357
Last Modified 27 Mar 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.