Torbjørn fekk skøyte pà bruket 1906. Han vart farlaus i 10-årsalderen, og måtte såleis tidleg syta for seg sjølv. Til sjøss var han berre ein kort tur, til Sverige og Austersjøen.
Han byrja så i snikkarlare pà Stord, og arbeidde sidan som bygningsmann attåt jorda. Han var i si tid ein av dei mest nytta byggmeistrar i Tysnes. Han var teiknar, entreprenør og utførande byggmeistar i same personen, og der står mange gode og fine hus rundt om i distriktet som eit prov på det solide arbeidet han utforte. I fleire år kring fyrste verdskrigen var han mykje på bygningsarbeid i Bergen. Han bygde og hus i Os.
Etter fyrste verdskrigen var han sagmeistar på saga på Eie i fleire år.
Det var Elise og etterkvart borna som dreiv jorda heime. Bruket fødde 3 kyr, 6-7 sauer og 10 geiter. Men etterkvart byrja Torbjørn sjølv ta seg meir av jordbruket, og i 1930-åra utførte han eit stort dyrkingsarbeid på garden. Han hadde elles bygd nytt bustadhus på garden 1908. Gamlehuset vart flytta til Ve kring 1917.
Elise Støle dreiv garden åleine nokre år etter at Torbjørn døydde 1958. Bruket vart så nedlagt. Geitehaldet hadde
dei elles avvikla nett etter krigen.
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2018030648545?page=2291920:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01073994000403