Lasse & Anita - Person Sheet
NameInger Alida Haldorsen , 7C2R
Birth19 May 1899, Finnås
Death3 Jan 1982, Bergen, Vestland, Norge (Norway)
OccupationLege
EducationGymnasiast på Voss i 1920
Notes for Inger Alida Haldorsen
“Inger Haldorsen (1899 - 1982) var ikkje berre ei av Noregs første kvinnelege fødselslegar, utdanna ved Universitetet i Sorbonne. Som lege ved Kvinneklinikken (KK) og i privatpraksis i Bergen Sentrum gjorde ho ein stor forskjell for tusenvis av kvinner.
Under krigen blei hennar praksis utvida til å gjelde mennene også. Utallige gonger hjalp ho flyktningar på veg mot England på den nest siste etappen før dei kunne få følge med båt over til Shetland. Inger kledde både menn og kvinner på flukt ut som vordande mødre. Nåde den tysker som forsøkte å gjere ettersøk inne på KK. Til slutt blei ho angitt av ein norsk angivar. Det tok ikkje lange stunda før Gestapo kom og henta henne. I halvanna år sat ho i det frykta Gestapofengselet i Bergen Sentrum.
Redsla vaks då ho stadig såg medfangar bli sendt vidare til leirar i Tyskland. Ho måtte ut. Grepet vart å bruke kunnskapane ho hadde tileigna seg. Det viste seg at ho visste ein god del om symptoma på sinnsjukdom - og spelte til slutt gal. Då orka ikkje tyskarane meir og slapp henne fri.
Etter krigen haldt Inger Haldorsen fram med motstandsarbeide på andre frontar. Undercover hjalp ho mange kvinner som hadde fått born utanføre ekteskapet. I Bergen by blei ho i tillegg ein av bystyrets mest markante politikarar - for venstre. For folk fleist blei ho kanskje aller mest kjend for at ho som kvinne røykte på open gate.”
Kilde: Nicholas H. Møllerhaug
B. Grønsberg på Voss i 1920.
1920-tellingen for Voss herred:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074006002690Kilde, Rubbestadneset:
https://www.nb.no/items/3523c665441f916bc399903df6...rchText=rubbestadnesKilde, død:
https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000003783524