Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameKlaus Josefson Kjellby
Death1677
OccupationLagrettemann, Lensmann
Notes for Klaus Josefson Kjellby
33. Anne Ottesdtr. (30c) vart g.m. Klaus Josefson. Han var truleg frå Kjellby (35-1, 30b), og dei dreiv bruket til Klaus doydde i 1677.

I 1657 fora dei 4 kyr, 6 sauer, og betalte 2 mk. 6 skl. i feskatt. Frå kring 1660 dreiv dei og bnr. 222A.

Klaus vart lagr.mann i 1647. I 1649-50 var han lensmann saman med Ola Austgulen (31-1, 30). Likeeins mellom 1666 og 1668. Sidan var Klaus lensmann åleine.

Men Klaus kom bort i mange leie saker.

I 1650 laut han for retten fordi han hadde overfalle ein kremmar.

I 1666 drog han Jens Brandanger for retten for å få betalt 2 rdl. som Jens skulle ha lånt av han for 30 ar sidan. Jens
påsto dei var utlikna i skaffarløn som Jens hadde tilgode frå første tida Klaus var lensmann.

I 1673 laut Klaus for retten att. Futen kravde at han skulle gjere greie for 18 1/2 rdl. skatt som han hadde teke mot og ikkje levert frå seg. Samstundes gjorde Eli Bø ved Dalsnaustet krav på 3 rdl. 3 ort som han skulda henne.

Klaus hadde venteleg ikkje få uvener, det tyder i minsto denne soga på: Den 15/11 1678 klaga futen Jon Kjellevoll, Jørgen Myre, Mons Lihaug og Johannes Molde fordi dei bar liket av Klaus Molde opp or naustet før det var «besigtiget». Klaus hadde gätt frå huset sitt og dit ned, og litt etter fann drengen han liggjande der, død å sjå til. Dei klaga orsaka seg med at drengen til Klaus kom farande og bad dei om hjelp til å bere. Klaus låg død i naustet då dei kom dit, «men de kunde ikke see eller fornemme nogen Scade eller Bane paa hannem i nogen Maader». Det var dei alle viljuge å gjere eid på.

https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2010082403065?page=203
Last Modified 6 Mar 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.