“Som andre bønder Saka som har provosert meg kraftig er at KrF, stikk i strid med eige program aksepterte eit forbod mot pelsdyr. Hadde det no i det minste vore konsekvens i det med forbod mot import av pels. Men nei.
Pelsdyrbønder er som andre bønder. Dei steller dyra sine svært godt fordi dei er glade i dyra. Det seiest at dei kan driva til 2025 og trappa ned til den tid, men kven har motivasjon å driva med desse dyra med eit forbod hengande over seg?
Det som provoserar meg mest er erstatningsoppgjeret til desse bøndene. Det starta på 3-400 millionar, så 500 millionar og no 800 millionar. Berre det seier kor dårleg denne saka er handsama. Titusenmilliardar har staten på bok.”