Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameArnfinn Stora Rokne , 2C6R
Birth1762
Death1811
FatherKnut Arnfinnson Gjerde (1727-1817)
Spouses
Marriage1786
ChildrenKlas Arnfinnson (1793-)
Notes for Arnfinn Stora Rokne
“Arnfinn fekk 1783 og 1810 skøyte på 2 laup 10½ mark og gifte seg 1786 m. Guro Klasdr. Grimastad. Arnfinn la upp sak saman med trettan andre menn mot lensmann Gusskalk Ringheim med ymse skuldingar mot han. Ved domen 1803 fekk Arnfinn straff, åtte fekk bøter og fem vart fri for straff, men vart pålagde sakskostnader saman med dei andre.

Arnfinn døydde 1811, og Guro vart attgift 1812 m. Olav Person Rokne f. 1777, sjå bruk 3 Vetla Rokne.

Arnfinn og Guro fekk fire born: Klas f. 1793, Steffa f. 1797, g. 1829 m. Brita Larsdr. Tveito, Isak f. 1801 og Mass f. 1807, husmann. Isak hadde stove ved gardshusi på Stora Rokne og var ein meister til å spela fele, serleg rull og lauseslåttar. Han reiste til Amerika i 1845. På skifte etter Arnfinn var jordgodset verdsett 1200 rd. Bruttomidelen var 2068 rd. Garden vart no skift, so Steffa fekk bruk 4 og Klas bruk 5. Framhald bruk 4 og 5.
Last Modified 5 Oct 2021Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.