Knut Larsson Ettesvoll kjøpte 1835 bruk 2 for 300 spd. Han var g. m. Marta Ivarsdr. og døydde 1861, 72 år gl. Marta døydde 1859. Knut var skulemeister og kyrkjesongar på Vossastrondi fyrr han kom til Hegg, var ofte talsmann og kjømeister og skreiv ofte åt folk. Ho hadde ein son Olav Monsson og fekk med Knut tri born: Ingebjørg f. 1834, g. 1859 m. Olav Andersson Kolvidi, Ingerid f. 1837, g. 1861 m. Arne Jonson Kolvu, Ragna f. 1839, g. 1863 m. Olav Askjelson Skiple.
Olav Andersson fekk 1861 skøyte frå verfaren på bruk 2 for 200 spd. Han var fødd på Vossastrondi 1822 og døydde 1915. Ingebjørg døydde 1905. Sju born: Marta f. 1859, g. 1885 m. Hermund Steffason Fagnastølen, Anna f. 1862, g. 1892 m. ekm. urmakar Mons Eirikson Almenningen, Anders f. 1864, død 1883, Knut f. 1865, Ivar f. 1869, Eli f. 1873, g. 1901 m. Ivar Hansson Bottenstun frå Fron, Olav f. 1879. Knut Olavson f. 1865, g. 1893 m. Gjertrud Torgisdr. Voll f. 1871 fekk garden i 1897 for 1400 kronor.
Kilde:
https://www.ullstad.com/vossaboki/hegg.php