NameAskjel Arneson Skiple
Birth1791, Skiple, Voss, Vestland, Norge (Norway)
Death1864, Store Skiple, Voss, Vestland, Norge (Norway)
Alias/AKAAschild Arnesen Schjpple
“
Bruk 4. Store Skiple. Det er skilt frå bruk 1 i 1815. Askjel Arneson fekk som fyrr nemnt skøyte på det frå far sin.
Askjel var f. 1791 og gift 1828 m. Gudve Nilsdr. Eggjareid f. 1805. Dei hadde seks born: Arne, Nils f. 1832, sjå bruk 2, Olav f. 1834, g. 1863 m. Ragna Knutsdr. Vetla Hegg, Ragnhild f. 1837, Lars f. 1841, Olav f. 1844. Askjel døydde 1864 og Gudve 1881.
Arne Askjelson f. 1829, g. 1858 m. Guro Hansdr. Heimberde fekk skøyte 1857 og døydde 1905. Dei fekk seks born: Askjel f. 1858, Hans, Anna f. 1865, g. 1890 m. Lars Torgeirson Bø, Olav f. 1867, død ugift 1923, Lars f. 1870, Gudve f. 1874, g. 1893 m. Hans Knutson Grovu. Hans fekk skøyte i 1885 frå far sin på bruk 4 for 1700 kronor.
Bruk 4 var fyrr mtrnr. 141, lnr. 279 b med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar 3 ort 20 skill., revidert 1 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 2,48.
“
Kilde:
https://www.ullstad.com/vossaboki/skiple.php