Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameHans Johan Vilhelm Juuhl , 10C1R
Birth28 Apr 1839, Fjell, Vestland, Norge (Norway)
Death1888
OccupationLandhandler på Brattholmen gård 1877
FatherJohan Vilhelm Juuhl (1794-1868)
MotherEngel Karine Magnesdatter (1813-1892)
Spouses
Birth8 Apr 1841, Bergen, Vestland, Norge (Norway)
Death1932, Bergen, Vestland, Norge (Norway)
Alias/AKAJohanna Berthine "Hanna" Juuhl
FatherJohan Christian Bjelland (1814-1852)
ChildrenJohan Christian Walhammer (1866-1947)
 Hjalmar (1877-)
 Rikhard (1885-1959)
Notes for Hans Johan Vilhelm Juuhl
Ordførar i Fjell frå 1868-1887). Slekta til Hans Johan Wilhelm Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotrai Fjell kommune. Bestefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrevika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet. Dottera til Anders Magnussen, Engel Karine (1813-1892) vart gift med Johan Vilhelm Juuhl (1794-1868), som kjøpte Brattholmen i 1844. Her slo familien Juuhl seg til som gjestgjevarar og handelsfolk. Engel Karine og Johan Vilhelm fekk sonen Hans Johan. Han var ein dominerande figur i Fjell frå han overtok som gjestgjevar og handelsmann i Brattholmen i 1862. Han var aktiv i samfunnslivet, og hadde mellom anna vervet som ordførar i kommunen frå 1868 til 1887. Han gifta seg med Johanna (Hanna) Berntine Bjelland (1841-1932) og dei fekk fire søner: Johan C. W. (1866), Harald (1872), Hjalmar (1877) og Rikhard (1885). Ved folketeljinga i 1875 er familien registrert som busette i Brattholmen. Mor til Hans Johan Wilhelm og tre tenarar er også nemnde i hushaldet. Johan Christian Walhammer Juuhl vart seinare kjend som journalist og forfattar. Han skreiv t.d. bøkene Havstrilen og Kvalsryggen, som beskriv livet strilene hadde på den tida. i dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att.

Firmaet vart drive vidare under det gamle namnet, H. J. W. Juuhl. Johan tok over styringa av forretninga, truleg saman med mora. I februar 1890 brann den gamle hovudbygningen i Brattholmen, men Juuhl-familien bygde eit nytt, i sveitserstil, som stod ferdig året etter. Ved folketeljinga i 1891 vart familien Juuhl registrerte som busette på Klosteret i Bergen. Her budde enkja Johanna Berntine med dei fire sønene. Johan vart nemnt som «Bestyrer i Kjøbmandsforretning Brændevinforretning». I 1894 gjekk forretninga konkurs. Johan greidde å kjøpa eigedomen attende, men sat berre ei kort stund med denne. Frå 1895 var både hus, eigedom og forretning i Brattholmen på framande hender. (Kjelde: Wikipedia)

I 1887 har Juuhl fått seg bygd eit skip med tanke på å traffikkere vestsida av Sotra og søndre del av Herdla. I 1888 vert det gjort framlegg i kommunestyret om tilskot til ein stabil dampskipsfart, og Fjell Herad teikner seg for 300 aksjar i Sotra og Herdla Dampskipsselskap under føresetnad at dampskipet S/S Lyngdal vert kjøpt av Fjell, Sund og Herdla. Dokument kring S/S Lyngdal er kome Fjell kulturminnelag i hende vil bli lagt ut etterkvart.

Kilde:
http://www.fjellkulturminnelag.org/Maanadenskulturminne.html

Eiendomen er nå for salg:
https://www.ba.no/det-har-vart-en-drom-a-bo-her/f/5-8-1701939

Kilde, GENI:
https://www.geni.com/people/Hans-Johan-Vilhelm-Juuhl/6000000023147233969
Last Modified 19 Sep 2021Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.