Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameSjur Nilsson Ålvik
Deathca 1600
Alias/AKASjur Drage
Spouses
Unmarried
ChildrenHelga Sjursdotter (-<1608)
Notes for Sjur Nilsson Ålvik
Bruker Drage br. 1 1563-84: Sjur Nilsson frå Ålvik (d. ca. 1600) må vera brorson til kona åt Bengt Pust, og var son til Nils Tormodson Indre Bu «som i langsamelig tid havde sin boning i Indre Ålvik».

Sjur åtte noko jord, men synest ikkje å ha hatt åsetesrett til gardane sine. Han mâ difor og ha bygsla Drage av Marita Pust, som
budde i Tørvik, til son hennar, Tormod nf. ( Tormod Torgilsson Tørvik ), overtok Drage 1585.

Han budde seinare på Vik og Rykkje i Øystese. Me har fleire diplom som omhandlar gardkjop eller jordretter. I 1579
kjøper han ein part i Urheim av Tormod Hermundson på Voss for 3 gamle dalarar.

I 1584 trettar han med Jon Hovland om garden Nesheim pa Voss som han påstar er komen frå foreldri hans med urette; men Jon viser eit pergamentbrev som syner at garden har vore i hans ætt i 250 ar.

I 1587 makeskifter han garden Tveit i Strandebarm med Jon mot Molar pà Voss og ein gard i Sogn. Han bytte til seg Midnes i Kinsarvik frå «sin frende» Halldor Haldorson Bu.

Det må vera Sjur som har bygt den tilbygde bui pà Drage som ber bokstavane S.N og årstalet 1581 på beiteskida.

Ki. born: Ola, b. Rykkje, Helga, g. Tørvik br. 8, Sigrid, g. m. Lars Larson Telste, Anna, nemnd som en «gammel kvinde» med litt eige i Drage 1624.
Last Modified 5 Sep 2021Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.