Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameJakob Sande , 4C2R
Birth1 Dec 1906, Fjaler, Sogn og Fjordane, Norway
Death16 Mar 1967
BurialDale i Fjaler
OccupationLektor, forfatter
FatherAndreas Jacobson Sande (1874-1964)
MotherRagna Margrete Barsnæs (1882-1951)
Spouses
Marriage1942
ChildrenSiri (1943-)
Notes for Jakob Sande
Jakob Sande (1. desember 1906–16. mars 1967) var ein norsk forfattar og visesongar. Han vart fødd i Dale i Fjaler kommune i Sunnfjord. Sande debuterte i 1929 med diktsamlinga Svarte næter.

Jakob Sande avla Cand.philol.-eksamen i 1932, og reiste deretter til sjøs. I 1935 vart han lektor i Fredrikstad, og etter andre verdskrigen arbeidde han som lektor i Oslo. I 1963 slutta Sande som lærar og byrja skrive på heiltid. Han fekk eit stipend på 15 000 kroner og var lova den same summen for dei neste to åra.

Jakob Sande henta det meste av stoffet frå sjømannslivet og livet i vestlandsbygdene. Dikta han skreiv vekslar mellom burlesk og til tider grotesk humor (til dømes i «Kallen og katten» og «Likfunn») til sterkt kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel». Jakob Sande har og skrive seg inn i salmebøker med «Det lyser i stille grender», «Salme» og «Åndeleg sjømannssong».

https://nn.wikipedia.org/wiki/Jakob_Sande
https://no.wikipedia.org/wiki/Jakob_Sande
https://en.wikipedia.org/wiki/Jakob_Sande
Last Modified 17 Dec 2020Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.