Johannes fikk bygselsetel i 1709 og var i “goed Tilstand” 1712. Ekteparet åtte alle dyra sjølve, husa var godt vedlikehalde og i stand etter lova. Johannes hadde under 1 dlr. i gjeld til Halsnøy kloster og sat ellers inne med “sine Stifborns arfvelod” som var 16 1/2 dlr.
Johannes dreiv med kalkbrenning.
Han vart nytta som lagrettemann. Og åra 1717-19 var han kyrkjeombudsmann i lag med Rasmus Seløyo.
I 1726 måtte han gje 3 dlr. i bot for slagsmål med Elling Hodnaneset.