Netland (1)., n. 1519
Dei som hadde makt og midlar til å skaffa seg verdfull eigedom var ute etter gardar med sær-verdiar som skog, steinbrot, fiskeelvar o.a. Det er då rimeleg at Netland var ettersøkt gods. Me finn garden i Olav Engelbregtson si jordebok frå 1530, med 2 laupar smør, 1 hud.
I ei rettssak i Bergen åra 1558-60 om arven etter «Rike-Torstein» Askelson, er nemnde Ingebrigt, Arne på Revna i Strandvik og Amund Skjelnes, som var sonene av Olav Netland, attåt Johannes og Eiliv. Olav var gift med Ingeborg, sosterdotterdotter av Torstein Askjelson. Ingebrigt førde sak mot Christoffer Trondson Rustung, for å få av han odelsbrev som skulle prova at Ingebrigt hadde rett på arven etter Torstein. Det er ikkje kjent korleis det giekk med dette. Netland kom i Axel Mowat si eige, og kom etter han med baronigodset.
Kilde:
https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013090408001?page=233NB: Det kan liggja føre feiltolking av tekst i kjelde i høve til etterslekta til Olav Netland og Ingeborg: Johannes ser ut til å vera son deira, men formuleringa i kjelda kan tyda på at Ingebrikt, Arne og Amund er søner. Johannes og Eiliv ser ut til å vera ervingar på lik linje med sønene. Sjå s. 234 i kjelda. Andre kjelder peikar på at Johannes og Eiliv også var Olavssøner. Sjå Berge Velde: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. 1957, side 258 - 260. Arne Bjorøy 03.04.2020
Kilde:
https://www.geni.com/people/Olav-Netland/600000000...=6000000006450656828