Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameAnders Knutson Netland , 4C7R
Birth1749, Netland, Kvinnherad
Death1832
OccupationBr. på ytre Haugland
Alias/AKAIndre Netland (Graah)
FatherKnut Gabrielson Hauge (1705-1766)
Spouses
Birth1746, Hjelmeland, Kvinnherad, Hordaland, Norge
Death1789
Marriageca 1780
ChildrenKnut Andersen (1786-)
Birth1749, Lien, Kvinnherad
Death1790
Marriage1789
Birth1766, Storum, Os, Hordaland, Norway
Death1831
FatherOla Nilsen Storum (1732-1788)
MotherMagdela Jonson Y. Lekven (1727-1810)
Marriage1791
ChildrenKari Andersdatter (1792-1810)
 Ola Andersson (1794-1837)
 Anders Andersson (1797-1840)
 Jon Andersson (1799-1842)
 Johannes Andersson (1802-ca1818)
 Mari Andersdatter (1806-1847)
Notes for Anders Knutson Netland
“Bygdesoga for Os fortel at Anders Knutson indre Netland (Graah) flytta til Os som gardsstyrar på eitt av bruka på garden ytre Haugland (eigar: Rosendalsgodset i Kvinnherad). Men i 1792 fekk han bygsla eit anna bruk på same garden etter ein gardbrukar som datt ned frå eit tre og slo seg i hel.

Anders Knutson var gift tre gonger, siste gongen i 1791 med Brita Olsdtr. Storum frå Os (1766 - 1831). Han etterlet seg åtte born som vi veit om, sonen Knut frå 1.ste ekteskapet med Kari Heljesdtr. Hjelmeland frå Kvinnherad (1746 - 1789), og sju born - fire søner og tre døtre - frå det 3.dje og siste ekteskapet med ovanfor nemnde Brita Olsdtr. frå Storum i Os. Borna frå siste ekteskapet vart verande i Os.
 
Anders Knutson indre Netland/ ytre Haugland dreiv med sjøen og sat godt i det, seier bygdesoga. I 1786 kjøpte han ein part i bygdesaga på garden Skeie i Os (dvs. på staden Sagebakken), og denne parten hadde han så lenge han levde.
 
Anders Knutsson var elles ein god skyttar, og i følgje bygdesoga for Os dreiv han jakt - både lovleg og ulovleg: Hausten 1793 var Anders og nokre av grannane på ytre Haugland på tjuvjakt i Lyse kloster sine skogar etter 'dyr' - dvs. hjort, og då vart dei knipne (tekne). Både Anders Knutson og dei fleste andre jegarane måtte då ut med to dalar kvar i bot.

Sonen Anders Andersson (1797 - 1840) bygsla farsbruket sitt på ytre Haugland i 1825, så Anders Knutsson var kårmann hos sonen dei siste sju åra han levde.” Kilde: Terje Hatvik
Last Modified 21 Jul 2022Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.