NameAnders Sjurson Urdland
Birth1714, Urdland, Voss, Hordaland, Norge
Death1772
Notes for Anders Sjurson Urdland
“Anders Sjurson f. 1714, g. 1744 m. Ingebjørg Olavsdr. Kvåle, vart leiglending etter foreldri.
Anders har nok vore ein stridhuga kar. I 1761 vart han dømd til 9 rd. i bot og 3 rd. i sakskostnad for handdrag, nevehogg o. s. b. på Nils Syndve. Anders hadde ikkje noko til å betala med, og fekk i staden slaveri i 108 dagar. I 1762 vart Anders stemnd for di han hadde truga Erling Monsson Urdland på livet. Det er då upplyst at Anders hadde vore på slaveriet på Bergenhus festning i 8 vikor og hadde so teke teneste hjå kommandanten over garnisonen, på vilkår at Anders skulde verta fri for vidare straff, og han hadde no fått pass for å reisa heim att. Korleis det gjekk vidare, har eg ikkje funne noko um.
Anders døydde 1772 og hadde fem born: Knut f. 1744, g. 1771 m. Kari Knutsdr. Giljarhus, Sjur f. 1748, Ingebjørg f. 1750, Gjertrud f. 1754 og Olav f. 1757.”