Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameBrynjulv Sveinson Øvsthus
Birth1744, Øvsthus, Raundalen, Voss, Hordaland, Norge
Death1829
OccupationGrenader 1771, Br. på Øvsthus 1779-
FatherSvein Sjurdson Urdland (ca1709-1792)
MotherDorte Knutsdatter (1708-1798)
Spouses
Birth1751
Death1831
FatherAskjel Olavson Sygnaberde (1729-1797)
Marriage1771
Notes for Brynjulv Sveinson Øvsthus
Far hans sa upp bygsli 1779 og Brynjulv kom som leiglending i staden.

“Brynjulv Sveinson f. 1744, g. 1771 som grenader m. Sigrid Askjelsdr. Reime. Far hans sa upp bygsli 1779 og Brynjulv kom som leiglending i staden. Han døydde 1829 og Sigrid 1831, 79½ år gl. Tolv born: Guri f. 1772, g. 1796 m. Asle Knutson Reime, Herlaug f. 1773, Olav f. 1775, g. 1800 m. enkja Maria Hansdr. Blomberg, gastgjevar på Vangen, umtala band 1 side 132, Gjertrud f. 1777, g. 1803 m. Eiliv Ivarson Vetla Hegg (eller Kolvu), Marta f. 1779, g. 1798 m. Knut (Per?) Andersson Hegg, Askjel f. 1780, husmann, Svein f. 1783, Dordei f. 1785, g. 1810 m. Jon Magneson Reime, Brita g. 1816 m. Nils Olavson Kvåle, Anders f. 1790, Orlog f. 1794, Jon f. 1795, g. 1826 m. Guri Magnesdr. Reime.

Askjel, Svein og Anders var alle samstundes med i krigen mot Sverike er det fortalt. Berre namnet hans Svein står på Veteranbautaen. Han og nokre andre soldatar hadde krope inn under ein heller. Rett som det var høyrde dei svenskar uppå helleren segja: Her er visst baggar under fjellet. Svein retta då byrsepipa si upp og skaut på ei von. Straks etter kom det trillande ein daud svenske nedover. Dei andre svenskane vart då ferdige i snare laget. Svein vart blind på sine gamle dagar og døydde ugift 1852.”
Last Modified 17 Nov 2019Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.