Elling fekk skøyte av farbror sin 1896 og ekteparet tok då over her. Elling var i nordlandsfart då han var ung, og sidan ei kortare tid utanriks. Han reiste og litt etter han tok over på Borgjo, men byrja etterkvart gå på vegarbeid om vintrane, med grannen Elling Borgen, som var vegformann. Han var og litt i arbeid på Sivertsjor’o på Håland.