NameJon Osmundson Bjørk , 7C4R
Birth1817, Bjørk, Etne, Hordaland, Norge
Death1866
Alias/AKAJohn Wing
Spouses
Birth1815, Silla
Death1863
Alias/AKASara Wing, Silde
Notes for Jon Osmundson Bjørk
Utfl 1847 til Amerika med familien.
“Våren 1847 forlét Jon Osmundson Bjørk og Siri Tjerandsdotter Silda den veldrivne garden Bjørk i Stordalen og reiste til Amerika. Med seg hadde dei borna Marta fødd i 1839 og Osmund fødd i 1842. Ved emigrasjonen brukte dei etternamnet Vinje etter faren til Jon, mens i Amerika endra dei namna sine til John og Sara Wing. Dette blei starten på ei amerikansk slekt som skulle enda opp med Grace Barnett Wing, ei av dei mest betydningsfulle musikarane innanfor psykedelisk rock på 1960-talet, betre kjent under namnet Grace Slick.
Immigrantane frå Etne fekk i Amerika borna Charles i 1848, Joseph i 1852, Andrew William i 1856 og Samuel i 1860. I 1859 var John Wing tilsynsmann for fattige i Wanamingo. Sara Wing døydde i 1863 og John vart åleine med sju born, men dottera Marta og sonen Osmund, som då var vaksne, hjelpte faren på garden, med husarbeid og med dei små søskena. John døydde òg medan fleire av borna var små, allereie i 1866.”
Kilde, Arnfrid Mæland:
Etne-soga, V, s 104, Bjørk:'5. Jon Åsmundsson f 1817 på Bjørk, utfl 1847 til Amerika med familien. Gift 1836 med Siri Tjerandsdotter f 1815 på Silla. Jon gifte seg same året som han vart eigar, og dreiv garden i 11 år sama med Siri. Det er vanskeleg å skjøna kvifor dei gav opp slektsgarden og utvandra i 1847. Gardsproduksjonen var komen nær det nivået han skulle verta liggjande på den neste mannsalderen. Den nye eigaren Bård Olsson gav 900 spd. for Bjørk, og med frådrag for pantegjelda på 350 spd. vart det att 550 spd. i ny startkapital for Jon og Siri. Om den nye eigaren har det ikkje vore råd å finna ut anna enn at han var innflyttar. Så nøye er det heller ikkje, for han sat ikkje med Bjørk i meir enn 5 månader. I september 1847 skifta garden eigar på nytt. Då det vart halde skifte etter faren i 1866, var Jon død i Amerika, men 5 hadde born i live.Born: Marta f 1839, Åsmund f 1842, Anna f 1845 d 1845, Anna f 1846 d 1847.'Jons foreldre: Åsmund Torkjellson f 1793 på Vinje d 1866 på Vinje, Marta Jonsdatter f 1799 på Bjørk, d 1869 på Vinje. 12 barn, Jon eldst. Åsmund og Marta var de fremste Haugianerene i Etne.
1866: Minnesota Cemetery Inscription Index, Select Counties about John D. Wing Township: Wanamingo County: Goodhue Name: John D. Wing Birth Date: 1816 Death Date: 1866 Cemetery: Aspelund Immanuel Comments: SP. SARAH J. Section: W