Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameTorbjørn Ivarson Steinsland , Half GGG Granduncle
Birth1789
FatherIvar Nilsson Kvale (1756-1799)
Notes for Torbjørn Ivarson Steinsland
Brorsønen Mons Grønsdalsmyri hev fortalt denne soga um honom: “Torbjørn var sjømann, og var difyr teken med i sjøverni um Bergen i 1808-14. Då kom der eingong eit engelsk krigsskip inn på byleidi og etla seg til taka Bergen. herskipet lurde deg fram og vontest bråtaka byen; men det bar no ikkje til kor som var, fyr verni hadde fenge nyss um at der var ufred i vente, og for avstad skulde møta fienden. Det var nik ikkje fyr storveges det dei hadde å møta med, det var berre eit par robåtar med ei kanon i eine enden. Torbjørn var med i den eine av desse båtane, og dei råka snart engelsmannen. Då vart det basketak av, og dei båtarne handsama kanona si so godt, at fiendeskipet fekk mange hol i skrovet nett i vatslina; men det muna lite, fyr engelsmennerne dytta grynposar i holi, og då gryni vart våte, trutna dei og tetta holi att. Det såg difyr mest ut til at dei skulde tapa nordmennerne då, og kapteinen på fiendeskipet kom på dekk med eit stort sylvstaup i handi og skulde nett drikka folki sine til på sigeren. I det same skaut dei frå båten der Torbjørn var, og kula råka kapteinen, som stupte daud på dekket. Hatten hans dreiv på sjøen med same og kom rekande fram med båtripa der Torbjørn var, og han treiv den staselege hatten; men kasta honom yver bord att med same; fyr der fylgde noko av hovudskoltan åt kapteinen med i hatten. Då pila engelsmannen av snedde; men so er sagt, at han gjekk til en storm ute i havet straks etter. Torbjørn var med i verni sidan og; men var so utheppen å verta fanga av engelsmennerne, som held fangarne innestengde i eit gamalt skipsskrov, der det vart med lort og lus, og ikkje fekk dei mat so dei kunde livberga seg helder, og mange døydde. Torbjørn heldt då ut til dei slapp frie att; men då var han so utsvelt og mager, at han kunde sjå dagen dagen gjenom handloven, når han heldt handi for augo! Han var heima i Skogatræet eingong sidan; men for ut att på sigling, og sogumannen min visste ikkje kvar det vart av honom sidan.
Last Modified 11 Mar 2001Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.