“Han hadde før vore brukar og sjølveigar i Fyllingslid. Sjå III s. 284. År og dag etter at han var flytta frå Fyllingslid, tok Einar eit hus frå garden og selde det til Nils Helle. Lensmann Johannes Øvste-Mjelde, den nye eigaren i Fyllingslid, saksøkte han for dette. Einar vart dømd til å føra huset til gards att og syta for at det vart skikkeleg oppsett. Dersom dette ikkje vart gjort innan neste vår, skulle han bøta 10 lodd sylv. Dessutan måtta han svara 2 rdl. i sakskostnad til lensmann Øvste-Mjelde.”