NameAnders Knutsson Møn , 5C4R
Birth1868, Møn, Voss, Hordaland, Norge
OccupationAgronom frå Stend
Notes for Anders Knutsson Møn
“Anders Knutson f. 1868, g. m. Brita Johannesdr. Nedre Lid, f. 1869 fekk i 1895 skøyte på garden med undantak av bruk 2 for 10000 kronor. Han er agronom frå Stend. Garden har han drive mønstergild, har dyrka mykje, har utvalde hestar, krøter og smale og har fått ei mengd premiar ved utstellingar. Ny tidsmessig uthusbygning sette han upp i 1903 og vølte uppatt det gamle eldhuset i gamal stil til stove.
Anders kjøpte 1903 eit jordstykke, Storøynæ, av Herlaug Vivås, 1908 bruk 2 av far sin, 1910 ein skogteig av Magne Opeland og tidlegare av Ytre Takla bruk 3, Mønshaugen. Der bygde Anders forretnings- og bustadhus og dreiv landhandel, men selde det 1892 til verbroren Ludvik Ramsdal. Anders har vore med i likningsnemndi, skulestyret, heradsstyret, formannskapet, i styret for Brandtrygdelaget, i direksjonen for Voss Veksel- og Landmandsbank, formann i styret for Sokneselskapet, Voss Skiferbrud og Kvægavlsforeningen, prisdomar ved utstellingar, overformyndar, takstmann og skynsmann.”