NameGjertrud Eriksdotter Sundvor
Birth1723
Death1767
Spouses
Birth1718, Ænes, Kvinnherad, Hordaland, Norge
Death1776
Notes for Gjertrud Eriksdotter Sundvor
I 1767 døydde Gjertrud, og det var ved skiftet etter henne det vart opplyst at Jon Tomasson var sinnsjuk - “…er vandvittig og ligger bunden udi jern…” Det var då berre Marta som levde att av borna. Ho var 16 år. Jon kan ikkje ha vore sjuk lenge, etter eiga som vart registrert i skiftet etter Gjertrud. Det var lausøyre for 269 dalar, kontantar og pengar til gode for 121 dalar, og jordegods i Tveit og Søreide på Tysnes utanom garden i Storedale. Buskapen var hest, 10 kyr, 5 ungdyr, 10 geiter og 11 sauer. Bruttoeiga var meir enn dobla sidan skiftet 1712, 746 dalar.
Ein kan lett tenkja seg korleis vankane må ha tårna seg opp for Gjertrud. Ho skulle ha tilsyn med ein mann som måtte bindast for å ikkje gjera skade på seg sjølv og andre. Det måtte leigehjelp til både inne og ute, så gjennom lengre tid måtte det gå hardt ut over det som var oppsamla av gods og gull.