Torleiv bygsla 1708 av soknepresten 3 spann på Bø og kjøpte 1724 18 mark av Henrik Miltzow. Torleiv døydde 1769. Bladet Bergens Adressekontors Efterretninger skreiv då at Torleiv hadde alltid havt god helse, gjekk dei to milene til kyrkje mest kvar preikedag og arbeidde inntil 15de dagen fyrr han døydde. Torleiv var lagrettemann 1723 ved matrikkuleringi.