Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameEirik Nilsson Soldal 32, 10G Grandfather
Birth1590, Soldal, Øystese, Hordaland, Norge
Death1664, Øystese, Hordaland, Norge
Alias/AKASterk-Eirik
Spouses
1Synneva Eiriksdatter 32, 10G Grandmother
ChildrenBrigt Eirikson (1616-1687)
 Niels Erichson (1619-1719)
 Turid Eiriksdatter (1631-1710)
Notes for Eirik Nilsson Soldal
Eirik budde på Soldal og skatta av ein lut av garden der i tidei 1615-28. Sistnemnde år er han komen til Øystese som leiglending, og same året kjøpte han 1 sp. smør hjå arvingane etter Ossur: Lars Graudo, Jon Skulestad og Bård Norheim på Voss. Sidan kjøpte Eirik noko landskyld til, so han åtte 2 pd., 18 mk. smør, 4 l. salt i garden. Eirik er ein av dei bønder i bygdi frå denne tid som har vorte mest omtala av ettertidi. Det er serleg styrken hans og den trassige og villstyrne naturi segnene krinsar om. Han låg i stadig strid med futen og gjorde pretter for han og dengde han til slutt og laut bøta med heile si eiga. Desse segnene vert delvis stadfeste i skriftlege kjelder. Soleis laut futen Jens Tommesen bøta fordi han uretteleg hadde kravt fyrstebygsel av Eirik som hadde lagt denne fyrr, og det vert og fortalt at i 1658 drog Eirik og Ivar Ålvik til København med klage til kongen yver futen Peder Pedersen og skrivaren Mattis Hvid som straks etter vart flytte til eit anna distrikt. I 1657 fostra Eirik og sonen 3 hestar, 24 naut, 10 geiter og 31 sauer på garden og hadde sers god humlehage.
(Soldal 149 b)“s86“
Last Modified 27 Jan 2011Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.