Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameTorstein Arnfinnson Dukstad , 10G Grandfather
OccupationTorstein er nemnd som lagrettemann fleire gonger 1669-71.
Spouses
1Ingebjørg Olavsdatter , 10G Grandmother
Death1699
Notes for Torstein Arnfinnson Dukstad
Denne garden vert i 1300-talet kalla Hvítheimr (og ein gong Hvítar), og det finst enno i namnet Kvítheimsaos'n, brukt um plasset Skjedikané og åsen der ovanfor garden. Fyrelekken ““kvit“ heng saman med adjektivet kvit, men kva det elles siktar til, er uvisst (elv, tilnamn? Ei elv Kvitæ ligg um lag 2 km. nordanfor på garden Saude, men der er fleire gardar i millom). Det nye namnet Dukstad finn ein i 1563 skrive Dugstadt, det vert no sagt Dùkstò2 eller 1; han búr pao, è tao, ska tì Dùkstò, sms. Dùkstòfòss'n. Det er samansett av dúk (tilnamn Haldórr dúkr, umkr. 1325) og stad. I eit brev frå 1457 (gale årstal?) vert garden og kalla Duckheim, og etter det Miltzow fortel, skal han og ha heitt Dukstun (Duxtuun).

Garden har som ovanfor nemnt frå fyrst av heitte Kvitheim (Hvitheimr). Presten Miltzow skriv i si prestehistorie at Halldor Olafson Duk budde på Kvitheim, som var ættesætet hans, og som etter han er kalla Dukartun og seinare Dukstad. Namnet Dukartun syner at det er ein part av ein større gard eller eigedom. I Bjørgynjar Kalfskinn heiter det at Ullensvang prestebol åtte på Voss 5½ mmb. i Lofthus på Kvitheim og i Kvitheim i Lirhus 9 mmb. og i Mula 2 mmb. Ein ser av dette at gardane Dukstad, Lofthus og Lirhus har høyrt til det gamle Kvitheim (Hvitheimr).

Dukstad er i 1661 skriven som heil gard på 8 laup med fire brukarar. Der var brenneved, ei kvern og humlagard. I 1723 er garden førd upp i to tun, fyrste og andre tunet, kvart på 4 laup og med to brukarar. Um båe er sagt at der var skog til husbruk og brensel og at dei var årvande og tungvinne. Fyrste tun hadde to kvernar åleine til eige bruk. Andre tunet hadde ein humlagard, og kvern saman med fyrste tunet. Skyldi var i 1777 4 laup 12 mark på fyrste tunet og 4 laup 4 mark på andre og tridje tunet. I 1838 var skyldi tilsaman 8 laup.

12 mark, som då vart umskrivi til 20 dalar 4 ort 8 skill. Um fyrste tun er då skrive at der var brennefang, litt fureskog, humlagard og godt vassfall. Samanlikningstalet var for tun 1 1600 og for tun 2 1550.
Matrikkelen 1865 syner at der var fem brukarar då, som hadde 67½ mål åker, 11 mål dyrka eng, 101 mål god, 64 mål medels natureng og 114 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Skog til husbruk og timber til sal årleg på bruk 1 for 9½ spd., på bruk 2 for 12 spd., bruk 3 for 3 spd., bruk 5 for 12 spd. og bruk 6 for 5 spd. Bruk 5 var medels lettbrukt, dei andre var lettvinne. Vassfall var ført upp med 1 spd. årleg for kvart av bruki 1, 2, 3 og 6. Alle bruki var dyrka som vanleg. I 1918 var det 71,5 mål open åker, 136 mål kunsteng og 32 mål natureng.
Folketalet var 47 i 1801, 64 i 1865 og 40 i 1920.
 
Halldor Dukr eller Duk var ein rik mann og åtte fleire gardar fortel Gjert Miltzow i si prestehistorie. Han segjer vidare at Halldor livde i den tid då Sira Gudleikr var prest på Voss (1327) og at han var kyrkjeverje. Kona hans Halldor heitte Gudrun. Halldor let på sin gard Kvitheim byggja ei gild røykstove eller badstove. Millom timberstokkane i veggene brukte han lereftsklutar i staden for mose. Miltzow segjer vidare, at det er same garden bisp Olav Torkjelson budde på ikring 200 år seinare. Halldor hadde i seglet sitt ein skråbjelke i eit trikanta skjold med ei halv lilje på kvar side.
Halldor har i 1317 saman med 10 andre utferda brev um at dei var til stades ved ei avgjerd um 20 mmb. i Rogne (DN. I. nr. 151). I brev frå 1319-20 har han saman med Svein på Huitæimi og Orm Kafle kunngjort (DN. I. nr. 159) at dei hadde høyrt to vitneprov um ein part av garden Horveids-åen, som Peter på Finne hadde kjøpt av Peter Rasmusson. Nemnde Halldor og Svein vitnar i brev frå ikring 1320 (DN. II. nr. 141) at Peter Bonde på Finne krov kår og det gods som Ingegerd åtte i Arne sin gard på Gjerme, og at Odd var viljug til å lata han få både kåret og godset.
Som umtala på Finne (DN. I. nr. 187) har Halldor Olavson Duk i 1326 gjeve Gulbrand Peterson på Finne eit sverd, som Halldor hadde fått hjå bror åt Gulbrand, Orm Peterson på Finne,

då han døydde utan etterkomarar. Gulbrand har i takksemd for dette gjeve Halldor 3 mmb. i Hylle. Dersom Gulbrand døydde barnlaus, skulde Halldor eller ervingane hans få sverdet attende. Då Gulbrand døydde utan etterkomarar, er sverdet visst kome til Dukstad att. Dette sverdet må ha vore ein sers kostbar lut. Halldor Duk og Sigurd Bjarneson kunngjer i diplom 1340 (DN. V. nr. 144) at brørne Eindride og Svein selde 3 spann i Kvåle, Gullfj. til Sira Eindride. Garde på Huitheimi er umtala som vitne i brev 1324 (DN. 1. nr. 178). Kaptein Munthe segjer, at Garde var son åt Svein, at Svein budde på Dukstad og var son åt Bjarne.

Bisp Håkon i Bergen pålegg Torstein prest i 1339 å stemna Arnfinn på Hwithæimi (sjå brev nr. 36 i DN. X.) fordi han ikkje hadde betalt tiend til kyrkja, bispen og presten, og heller ikkje ansa krav eller lovlege stemningar. Arnfinn skulde difor møta innan ein halv månad for bispen og standa til rette for han, kyrkja og Sira Eindride. Denne Arnfinn var son åt Halldor Olafson Duk og har visst vore ein vyrd mann i bygdi. Kong Håkon bad i brev 1365 Arnfinn um saman med fem andre menn å døma i ei sak millom presten og Valtjov Rogne. I seglet åt Arnfinn var eit trikanta skjold med upprett lilje. Halldor Duk og sonen Arnfinn har vore med ved utferding av eit brev 30. mai 1348 um Oddateigen.

I 1521 har det vore to brukarar på Dukstad, Maldrit som betalte 6 skill. i skatt, og Nils som betalte 12 lodd sylv og 4 skill. i skatt og breffbrot. Gjert Miltzow fortel at Sira Olav Torkjelson, fødd av adelege foreldre, var sokneprest på Voss og kannik i Bergen i 1511 til han vart kåra som bisp i Bergen 1523. Ogso etter at han vart bisp og like til sin dødsdag budde han for det meste på Voss, ikkje i Prestegarden, men på Dukstad. Olav Torkjelson døydde på Dukstad 1543 og vart gravlagd i kyrkja, segjer Miltzow. I ““Norske Samlinger“ er upplyst at i det danske Geheimarkiv er eit skriv som syner at Olav Torkjelson døydde i 1535. I nemnde verk band I s. 6 er og fortalt at på dødssengi si ropte han: O, mit Dukstun, mit Dukstun. Sume granskarar meiner at han må vera fødd på Dukstad. I nokre odelssaker etter at bisp Torkjelson var død, er påstade at han med urette hadde fått jordgods på Voss inn under bispestolen. Det har vel helst vore jordgods som har fått lån av bispestolen og ikkje kunna greida pliktene sine. Absalon Pedersen fortel at Olav Torkjelson bygde ei trekyrkje på Dukstad og tok prydnader til henne or kyrkja på Vangen, soleis og bly or kyrkjevindaugo. Segni fortel at ei dør som frå En er kome til museet på Mølster, skal vera or kyrkja åt Olav Torkjelson.

I eit diplom frå 1564 um eit jordskifte millom tri syster på Lydvo er Hermund Torsteinson nemnd. Det må visst vera den same som Hermund Dukstad i 1563. Nils og Hermund var brukarar i 1563. Hermund betalte då landskyld for ½ laup. I 1567 var det Hermund og Herlaug. Torstein Dukstad hadde 2 laup i 1591. Sjur betalte i 1597 tri års bygsel for 2 laup med 2½ mark 3 skill. og Torkjel likeins for 4 laup med 5 mark 5 skill.

Alle 6 laup høyrde til stiftet og kruna. Torstein har 1587 saman med lensmann Mikkjel Tvilde sett seglet sitt på eit diplom um Norheim i Kvam. Torkjel er nemnd som vitne i 1590.
Knut og Per var leiglendingar i 1603. I 1611 var der tri brukarar: Per, som hadde 4 laup, Gamle-Knut brukte 2 laup, og Knut. Det står ikkje kor mykje denne siste Knuten hadde. Eine Knuten har då betalt odelsskatt for 3½ pund og den andre likeins for 18 mark. Gamle-Knut betalte tri års bygsel i 1613 for 4 laup og Torstein fyrste års bygsel for 2 laup. Den andre Knuten vart då utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Torstein og Knut betalte so tridje års bygsel i 1616. Torstein og ei enkje, truleg etter Gamle-Knut, budde der i 1621.

Leidangsboki 1624 syner at Apostelgodset hadde to bruk kvart med leidang 1 pund smør og 2 bukkskinn. Sjur var brukar på det eine og Lasse og Herlov på det andre. Båe bruki hadde god jord er det sagt. Apostelgodset åtte 6 laup i Dukstad 1627. Ryttarskatt er lagt på odelsgodset i Dukstad i 1627 med 3 ort 9 skill. for ein eigedom på 1½ spann, og ½ dalar 6 skill. for den andre på 1 spann. Sjur var brukar på den fyrste og Arnfinn på den andre.

Sjur hadde 6 laup i 1629. Han åtte noko, og Arnfinn Dukstad åtte 1 spann i garden. I 1635 bruker Sjur og Arnfinn kvar 4 laup, dei bur der og i 1640. I 1645 budde løytnant Paal Wilhelm og kona hans der. Arnfinn Aslakson var brukar, g. m. Kari, dotter åt fyrr nemnde Torstein Dukstad. Dei hadde sønene Torstein, Brynjulv og Knut. Arnfinn bygsla i 1659 av soknepresten i Krosskyrkja 2 laup i Dukstad.
Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen av Apostelgodset 1 pund smør og 2 bukkskinn. Sehested åtte i 1650 6 laup, som han hadde fått ved makebyte med kongen. Leidangen på det var 1 pund smør og 2 bukkskinn, skatt 6 dalar, fornødspengar 1½ dalar, arbeidspengar 1½ dalar og 2 dalar i avgift til jordeigaren. Jakob og Arnfinn var leiglendingar. Krosskyrkja var eigar av 2 laup. Hannibal laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 for Finnegodset er ført upp 6 laup med brukarar Arnfinn, Brynjulv, Gitle og Torstein.

Landkommisjonen skriv 1661 at Dukstad var på 8 laup. Derav åtte Krosskyrkja i Bergen 2 laup og 6 laup høyrde til Finnegodset. Arnfinn og Brynjulv var brukarar. I 1664 var det Arnfinn Aslakson, Torstein Arnfinnson, Brynjulv Arnfinnson og Knut Arnfinnson. Torstein er nemnd som lagrettemann fleire gonger 1669-71. Klas Miltzow åtte 6 laup i 1680 og 1691 og Krosskyrkja framleies 2 laup. Håkon og Knut var leiglendingar hjå Klas, Torstein og Olav hjå Krosskyrkja. I 1701 var det desse fire leiglendingar: Styrk Åmundson, Torstein Arnfinnson f. 1637, Hollgeir Olavson f. 1647 og Lars Aslakson f. 1656.

Kilde:
http://www.ullstad.com/
Last Modified 24 Jan 2011Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.