B. Botnen, Øystese
Fra fjellgården Skår på østsiden av Fyksesundet.
Isak budde fyrst på Tveit etter giftemålet sitt, då mori ville ha dotteri Anna for handi i sin alderdom. Men då vermori døydde, laut Isak, som hadde hatt garden på Tveit, fråvika for odelsretten der. Han flytte so til Botnen. Som gamal enkjemann budde han i Indre Ålvik hjå dotteri Sigrid og døydde der.
Isak er vorten vide kjend som felemakar. Han er vorten kalla “far til Hardangerfela”, då det er han som har gjeve fela den sermerkte svip som ho sidan har hatt, og det er han som framstilte fela i større mengde for fyrste gong. Isak var elles litt av ein fyregangsmann i bygdi. Det skulle soleis vera han som fyrst tok i bruk den nye kledemoten med knebrok og knappa trøya. Isak stod seg godt. Som gamal vilkårsmann etterlet han seg 503 rdl. Eit Kristusbilete i gamle Øystese-kyrkja skal vera skore av Isak.
(Skår 104c)“s86“
1759: Dette året døyr Isak Nilsson Botnen (1663-1759) frå Kvam. Han er den første store hardingfelemakaren i landet i "moderne" tid. Isak laga både flatfeler og hardingfeler. I dag finst det ca 15 hardingfeler etter han. Av sønene vart Trond Botnen (1713-1772) ein svært dugande felemakar og laga ca 1000 hardingfeler og vart ein svært velhalden mann Felene hans vart selde både på Vestlandet og Austlandet. I 20-årsalderen vart han gift med Guro Olsdotter, enkja på Flatabø i Kvam, og flytta dit og overtok garden i 1742. Etter det nytta han namnet Trond (Isakson) Flatabø. I dag finst det att 30-40 Tronda-feler.
Botnen-karaneIsak Botnen (1663-1759) - Isak Nielsen Skaar, er den første store, som det finst skriftlege kjelder om, og budde først i Vikøyr og sidan i Ålvik. Isak var fødd på garden Skaar, så dette etternamnet står på sume av felene hans. Det vert fortalt at Isak ikkje ville lære felemakarkunsten til sønene sine, men at Trond stal seg til lærdom gjennom eit kvisthol i veggen, og at han først på dødslega til faren fekk læra korleis den viktige fernissen skulle lagast. Visstnok finst det i dag ca 15 kjente Isak-feler igjen. Den eine frå 1751 tilhøyrde i si tid den kjende spelemannen Ola Håstabø (1826-99) frå Granvin i Hardanger. Isak laga både flatfeler og hardingfeler. Hardingfelene hadde eit varierande tal understrengjer, mest 2, men heilt opp i 6. Det blir fortalt at Isak rundt 1680 skal ha fått fatt på eit eksemplar av ei fidla, eit strykeinstrument frå mellomalderen. Gjennom ein tilflytt autstlending fekk han også tidleg kjennskap til den klassiske fiolinen. Ei hardingfele utan lok bygd av Isak i 1692 skal vere den nest eldste hardingfela ein veit om i dag (finst på Hardanger Folkemuseum).
Trond Botnen (1713-1772) var den einaste av sønene til Isak som gjorde feler. Han var svært dugande og laga ca 1000 hardingfeler og vart ein svært velhalden mann. Felene hans vart selde ikkje berre på Vestlandet, men også til dalane autafjells i Valdres, Hallingdal, Numedal og Telemark. I 20-årsalderen vart han gift med Guro Olsdotter, enkja på Flatabø i Kvam, og flytta dit og overtok garden i 1742. Etter det nytta han namnet
Trond (Isakson) Flatabø. I dag finst det att 30-40 Tronda-feler. Den eldste norskprodusete fiolinen ein kjenner i dag er laga av Trond Flatabø i 1764 (finst på Hardanger Folkemuseum). Felene til Trond er mindre enn faren sine, som nærma seg den klassiske fiolinen i forma.
Sjovat Steinestø var gift med dotter til Isak Botnen og lærde å byggje feler av verfaren, men var ikkje så flink som Isak og Trond.
Les også det interessante stykket om "Viol-Makeriet" i Hardanger frå 1766.Botnen-felene vart selde over store deler av sør-Noreg, ikkje minst på marknadane i Røldal, i Lærdal og på Kongsberg og vart på den måten spreidd.
Den rike tradisjonen etter Botna-karane heldt seg ikkje så godt på Vestlandet, men vart vidareutvikla i Telemark.
Den eldste norskbygde fiolinen vart laga av Trond Botnen i 1764, og er no å finne på Hardanger Folkemuseum i Utne.
Les mer her:
http://www.snl.no/.nbl_biografi/Isak_Botnen/utdypninghttp://www.folkedans.com/folkemusikk/folkemusikk_efterretning.htmhttp://dvm.nu/hierarchy/periodical/dmt/1952/01/?sh...&type=periodicalKilde:
https://snl.no/Isak_Nilsen_Botnenhttp://www.folkedans.com/folkemusikk/hendingar_i_folkemusikksoga.htmhttp://www.metmuseum.org/toah/works-of-art/46.34.7ahttp://no.wikipedia.org/wiki/Isak_Nilssen_Botnenhttp://nbl.snl.no/Isak_Botnen/utdypninghttp://www.allkunne.no/default.aspx?menu=353&id=1522http://www.folkedans.com/folkemusikk/folkemusikk_felemakarar.htmhttp://digitaltfortalt.no/things/isak-og-trond-botnen-felemakarane-i-hardanger/H-DF/DF.741Kjente personer fra Kvam:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kvam