Dåp:
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000039506285b. på N. Kleppa br. 2
Hans Gjertson Ø. Støle br. 2. (1846-1918) vart g. 1873 m. Inger Sjursdtr. Ø. Bruntveit, plass Rafto (1849-1929). Hans Stole fekk skøyte 1872 og overtok året etter saman med Inger.
Hans byrja reisa som sjømann truleg kring 1870. Dei 2 åra før han gifta seg var han 6 turar ute, mest i eit strekk, pà Austersjøen, Island og Spania. Sidan gjekk han over i meir rein Nordlandsfart. I 1893 kjøpte han jakta Alegro i lag med Andreas Klubben og ein tredje kar. Dei 2 hadde jakta aleine 1894-98, då Andreas vart sjuk. Hans slutta då sjøen.
Husa på bruket var heilt til nedfalls då Inger og Hans kom hit. Løa, som truleg var ei gamal fellesløa med br. 1., fall ned ein mørkeskoddedag kort etter dei tok over. Dei fekk då fyrst opp ny løebygning 1873-74. I siste delen av 1870-talet bygde dei nytt stovehus, med ei stova i kvar ende og kjellar under halve huset.
Hans var elles sars hendig, og laga ambrar, kjerald o.a. i tre.