Lasse & Anita - Person Sheet
Lasse & Anita - Person Sheet
NameJohannes Larson Øvredal , 10G Grandfather
Birthca 1600
Deathca 1665
Spouses
1NN , 10G Grandmother
ChildrenErik Johannesen (ca1620-)
 Anders Johannesson (ca1625-ca1675)
 Lars Johannesson (ca1630-1704)
 Jon Johannesson (ca1643-)
 Ola Johannesson (ca1645-)
2Guro Øvredal , Step 10G Grandmother
Marriageca 1650
ChildrenJohannes Johannesson (1652-1721)
 Brita Johannesson (ca1650-)
Notes for Johannes Larson Øvredal
Johannes bygsla garden i 1651. Han let same året tridjeparten av garden frå seg til sonen, som skipa eit nytt bruk (s. Øvredal br. 2).

Johannes var ikr. 50 år gamall og hadde fleire vaksne born med seg då han kom til Øvredal. Kvar Johannes var frå er uvisst, men det er truleg at han var frå ei av Fusabygdene. Han var verja for ei gjenta Boel Larsdatter som kannhenda var syster hans, og ho vekk ein arv på Henanger i Strandvik. Det er truleg at Johannes åtte ein part i Øvredal, men noko visst veit me ikkje um det.

Johannes hadde i 1666 ein husmann, Erik Johannesson f. ikr. 1620, på garden sin. Kannhenda var han son åt Johannes Øvredal.

Johannes dreiv med skogarbeid, og etter ei uppgåve i 1665 selde han og andre sonen hans det året 2 tylvter 12 alners stokkar og 100 bandstakar til eit skotteskip. For det fekk dei i alt 10 ort.

I 1662 kom Johannes for retten. Ola Gjerevik i Fusa hadde kjøpt seg ein gamall slaktehest for 1 dalar og vilde ha hestekjøtet til nista under vårsildfisket. Fyrr han slog hesten ihel, fekk Johannes Øvredal låna den til timberkjøring, og so tok Johannes livet av hesten. Han lånte ei byrsa av Hans Lønningdal til å skjota hesten med. Johannes slapp lett frå det ved å betala Ola Gjervik den dalaren som hesten var verd, men Hans Lønningdal, som hadde halde byrsa, måtte bøta ei heil mork sylv for si hjelp.

(NB! Mulig fra Henanger i Fusa)
Last Modified 30 Jan 2010Created 16 Dec 2023 using Reunion for Macintosh
© A. S. Johannessen & L. Haegland.