NameAsbjørn Andersson I. Drange , Half 5G Granduncle
Birth1703
Death1771
Married NameSøvik
Notes for Asbjørn Andersson I. Drange
Asbjørn fekk 13 born, men av dei døydde eit tvillingpar og 6 andre i ung alder, so berre 5 vaks upp.
Asbjørn stod seg godt og var ogso ein vyrd mann i bygdi. Han hadde ikkje so lite bøker i huset og fylgde betre med i tidi enn kannhenda nokon annan Os-bonde. Han dreiv sterkt med sjøen, og ved skiftet etter han var det for 70 dalar i sjøreidskaper, som var mykje meir enn heile gardsbruket hans var verd.
Husi på bruket var desse i Asbjørn si tid: Ei god røykstova med skot og kove attåt, ei sengebud med sengeloft over og sval attåt i begge høgder, eldhus, naust, fiskesjå, skinflog og ei utløda. Løda på garden hadde Asbjørn ilag med grannane, soleis at han hadde eine helvti og dei andre skifte resten, og på same måten var notbudi skift. - Ein lyt merkja seg at dette bruket framleis hadde halve Søvik, medan bruk 1 og 3 hadde ein fjordepart kvar etter skiftingi i 1703.
(Se Søvik 2)